Rideleir

 

IMG_7391

Rideleir på Frønsdal Aktivitetsgard er langt meir enn «berre» hesteridning. Her er varierte og spennande aktiviteter i eit gjennomtenkt program, og me tek i bruk naturen og det garden har å by på – nesten som å vera på Gardsferie! Du treng ikkje forkunnskap i det heile, men vera moden nok til å vera åleine heimafra.

ME INVITERER OGSÅ I 2016 TIL RIDELEIR I FERIEN - KVALITETSOPPLEVING TIL EIN RIMELEG PRIS!

RIDELEIR 2016  Frå søndag 26 til Onsdag 29 Juni 2016Alder er frå 10 år til 17 år (det år ein fyller 10 til det år ein fyller 17) Me har 3 overnattingar, masse program og spreke ledarar. Påmeldingsfrist 1 Juni. PRIS KR 4250,-  Det kan oppnås 10% grupperabatt dersom det meldes på minst 3 personar samtidig. Kontakt oss for påmeldingsskjema på post@fronsdal.no

  • RIDELEIR nr 2, ved fullteikning av første leir vert neste leir frå søn 3 til ons 7 Juli

HESTELIV….Det  vert rikeleg med aktivitetar på hest. Slik som riding, køyring, kos, hestestell og stallarbeid. Me har 12 hestar i alle størrelser, så her er det ein hest nesten for einkvar smak. Ingen særskilde krav til ferdighet eller førehandskunnskap.

AKTIVITETAR….Garden er tilrettelagt som arena for mange aktivitetar, på leirane bruker me alt saman! Her kan me padle kano, fiske, spele sandvolleyball, kaste hestesko, gå tur, skyte pil og bue, ha teambuilding og sporleik mm.

KUNNSKAP…..Aktivitetane legges ofte opp som kurs for å dele kunnskap best mogeleg som opplevingar. Difor  har me t.d. minikurs i førstehjelp (Røde kors), kurs i Hestekunnskap og kurs i kanopadling.

BIBEL OG GUDS ORD….Me trur at born og unge i dag har behov for å bli meir kjent med Bibelens Jesus. Me legg opp til lettfatta og konkret Bibelundervisning om kristenlivet og trua  på Frelsen.

LOSJI OG BEVERTNING…. Me er stolte av å invitere til Leir i vårt  ”Tunhus” med flott standard, der overnatting, måltider, undervisning, samlingar og sosial kos føregår under same tak.  3 til 6 manns soverom. Sunn middag vert servert kvar dag og alle måltid inngår i prisen. Ikkje kiosksalg under leiren. Snop vil likevel dukka opp som ein del av kosen på leiren…

BETALING……Betaling for leirane skjer i to omgangar. Kr 1000,- i depositum betales ved påmelding og bekrefter deltakinga. Depositum tilbakebetales ikkje ved  avmelding etter fristdato. Resten av leiren betales innan leirstart. Program for leiren med klokkeslett og praktiske detaljar sendes ut på mail etter påmelding.

PÅMELDING….Bruk påmelding via menyvalget «påmelding» eller «kontakt oss». Påmeldingsskjema med nærare informasjon for kvar leir sendes ut etter første påmelding. Det skal fyllast ut slikt skjema frå kvar deltakar. Påmelding er ikkje registrert før depositum er betalt. Ved særskilte behov i kosthald eller ved allergiar o.l er det svært viktig at dette vert avmerka i påmeldingsskjema. Førehandsreglar og opplegg ved særlege behov på kost og allergi avtales med føresette for den enkelte deltakar.

OVERNATTING…..Me har senger med pute og dyne. Ta med eigne sengklede og håndklede. Det kan leigast sengklede og håndklede for kr 150,- i tillegg. Såpe og tørkepapir til dagleg vask finnes hjå oss i garderobane. Dusj finnes i begge etasjar. Shampo o.l. held deltakar sjølv. Det kan vaskast klede i vaskemaskin under tilsyn i løpet av leiren.

ANKOMST OG AVREISE….. Faste ankomstider på kvar leir er mellom kl 16:00 og seinast kl 17:00 på startdagen (Ikkje før 16:00). Avreise er kl 18:00 på sluttdagen. For den som har lengre reiseveg kan det avtalast nærare med den enkelte.

JA-TAKK PÅ LEIR…….Til aktivitet: Personleg ridebekledning som hanskar/hjelm/ støvlar om du har,  elles kraftige klede til aktivitet og arbeid (husk fleire klesskift), gode terrengsko m/hæl,  tynne gripehanskar. Til personleg pleie: utstyr til personleg hygiene som tannpuss/ dusj, badetøy/ solkrem,  eigne sengklær (me har pute/dyne), eventuelt lommepengar. Bibel om du har samt  skrivesaker o.l.  Mobiltelefon er OK, men får ikkje brukast på dagtid under leiren. Samlast inn ved frokost og leveres ut etter kveldsmat. HUSK å ta med ditt gode humør når du skal på leir! Kontakttelefon til leiren er Leirsjef Jan Sverre som nås på mobil 90738017.

NEI-TAKK PÅ LEIR……Elektronisk utstyr som I-pad, PC eller liknande.  Musikkspeleutstyr med eller utan headset. Tidsskrift, magasiner eller forstyrrande element. Gjenstandar som oppfattast som forstyrrande eller til sjenanse kan bli inndrege av leirsjefen.

DISIPLIN OG LYDIGHET……..Dei fleste aktivitetar på Frønsdal aktivitetsgard er i kategorien risikoaktivitet. Det betyr at lydighet og disiplin er vesentleg viktig for at aktiviteten skal vera trygg og meiningsfull for heile gruppa. Vidare inneber det å vera på leir ei sosial tilpassing som krev at ein kan omgås dei andre på leiren utan å skapa ufred eller utrygghet under samling, overnatting og aktivitet. Ufin åtferd, mobbing, ulydighet eller manglande evne til å lyde leiarar under aktivitet skaper risiko for ulukke eller begrensa kvalitet på aktivitetane, og vil bli slått ned på umiddelbart. Brot på våre krav til lydighet og disiplin kan medføre heimsending. Det vert ikkje refundert noko leirkostnad ved avbroten leir av disiplinære årsaker.