RIDELEIR

IMG_7391

Etter lang tid med usikkerhet grunna Korona-situasjonen er me no klare til å invitere til rideleir(ar) på Frønsdal aktivitetsgard i 2020!
Med visse forbehold om evt. endringar i myndighetskrav, vil me arrangere tilnærma ordinær rideleir men med nokre viktige tilleggsrutinar.
* Det blir sendt ut tilleggskriv ihøve korona ved påmelding. Dette må aksepterast og signerast på.
* Prisen vert noko høgare enn tidlegare år grunna tilrettelegging.
* Deltakarar må ikkje meldast på åleine, men minst 1 nær venn med

Rideleir på Frønsdal Aktivitetsgard er langt meir enn «berre» hesteridning. Med varierte og spennande aktiviteter i eit gjennomtenkt program, der me tek i bruk naturen og det garden har å by på – er oppholdet nesten som å vera på Gardsferie! Du treng ikkje forkunnskap i det heile, men vera moden nok til å vera åleine heimafrå er viktig.

ME INVITERER TIL RIDELEIR I FERIEN 2020 - KVALITETSOPPLEVING TIL EIN GOD PRIS!

HOVUDLEIR I VEKE 26 – Søndag 28 til onsdag 1 Juli 2020
LEIR 2: VEKE 27 – Søndag 5  til onsdag 8 Juli 2020 *)
* Leir nr 2 vert kun avhalden dersom me først har fylt opp leir nr 1.

Alder er frå 9 år til 16 år (det år ein fyller 9 til det år ein fyller 16) Me har 3 overnattingar, masse program og flotte ledarar. Påmeldingsfrist 1 Juni. PRIS er kr 4900,- grunna ekstra tiltak.   Kontakt oss for påmelding på post@fronsdal.no. Påmeldingsskjema med koronatillegg sendes for signering frå pårørende.

HESTELIV….Det  vert rikeleg med aktivitetar på hest. Slik som riding, køyring, kos, hestestell og stallarbeid. Me har 10 hestar i alle størrelser, så her er det ein hest nesten for einkvar smak. Ingen særskilde krav til ferdighet eller førehandskunnskap.

AKTIVITETAR….Garden er tilrettelagt som arena for mange aktivitetar, på leirane bruker me alt saman! Her kan me padle kano, spele sandvolleyball, kaste hestesko, gå tur, skyte pil og bue, ha teambuilding og sporleik mm.

KUNNSKAP…..Aktivitetane legges ofte opp som kurs for å dele kunnskap best mogeleg som opplevingar som når den enkelte.

BIBEL OG GUDS ORD….Me trur at born og unge i dag har behov for å bli meir kjent med Bibelens Jesus. Me legg opp til lettfatta og konkret Bibelundervisning om kristenlivet og trua  på Frelsen.

LOSJI OG BEVERTNING…. Me er stolte av å invitere til Leir i vårt  ”Tunhus” med flott standard, der overnatting, måltider, undervisning, samlingar og sosial kos føregår under same tak.  2 til 6 manns soverom. Sunn middag vert servert kvar dag og alle måltid inngår i prisen. Ikkje kiosksalg under leiren. Snop vil likevel dukka opp som ein del av kosen på leiren…

BETALING……Betaling for leirane skjer normalt i to omgangar. Kr 1000,- i depositum betales ved påmelding og bekrefter deltakinga. Depositum tilbakebetales ikkje ved  avmelding etter fristdato. Resten av leiren betales innan leirstart. Program for leiren med klokkeslett og praktiske detaljar sendes ut på mail etter påmelding.

PÅMELDING….Send oss ein mail på post@fronsdal.no , ring eller tekst oss på 90738017. Du kan også bruke menyvalget «påmelding» eller «kontakt oss» her på sida. Påmeldingsskjema med nærare informasjon for kvar leir sendes deltakar på mail etter registrert påmelding. Det skal fyllast ut slikt skjema frå kvar deltakar. Påmelding er ikkje gjeldane før depositum er betalt. Ved særskilte behov i kosthald eller ved allergiar o.l er det svært viktig at dette vert avmerka i påmeldingsskjema. Førehandsreglar og opplegg ved særlege behov på kost og allergi avtales med føresette for den enkelte deltakar.

OVERNATTING…..Me har senger med pute og dyne. Ta med eigne sengklede og håndklede. Det kan leigast sengklede og håndklede for kr 250,- i tillegg for heile leiren. Såpe og tørkepapir til dagleg vask finnes hjå oss i garderobane. Dusj finnes i begge etasjar. Shampo o.l. held deltakar sjølv. Det kan vaskast klede i vaskemaskin under tilsyn i løpet av leiren.

ANKOMST OG AVREISE….. Sjå spesielle ankomstider og program for den enkelte leiren. Normalt er ankomstider på leir mellom kl 15:00 og seinast kl 16:00 på startdagen (Ikkje før 15:00). Avreise er kl 18:00 på sluttdagen. For den som har lengre reiseveg kan det avtalast nærare med den enkelte.

JA-TAKK PÅ LEIR…….Til aktivitet: Personleg ridebekledning som hanskar/hjelm/ støvlar om du har,  elles kraftige klede til aktivitet og arbeid (husk fleire klesskift), gode terrengsko m/hæl,  tynne gripehanskar. Til personleg pleie: utstyr til personleg hygiene som tannpuss/ dusj, badetøy/ solkrem,  eigne sengklær (me har pute/dyne), eventuelt lommepengar. Bibel om du har samt  skrivesaker o.l.  Mobiltelefon er OK, men får ikkje brukast på dagtid under leiren. Samlast inn ved frokost og leveres ut etter kveldsmat. HUSK å ta med ditt gode humør når du skal på leir! Kontakttelefon til leiren er Leirsjef Jan Sverre som nås på mobil 90738017.

NEI-TAKK PÅ LEIR……Elektronisk utstyr som I-pad, PC eller liknande.  Musikkspeleutstyr med eller utan headset. Tidsskrift, magasiner eller forstyrrande element. Gjenstandar som oppfattast som forstyrrande eller til sjenanse kan bli inndrege av leirsjefen.

DISIPLIN OG LYDIGHET……..Dei fleste aktivitetar på Frønsdal aktivitetsgard er i kategorien risikoaktivitet. Det betyr at lydighet og disiplin er vesentleg viktig for at aktiviteten skal vera trygg og meiningsfull for heile gruppa. Vidare inneber det å vera på leir ei sosial tilpassing som krev at ein kan omgås dei andre på leiren utan å skapa ufred eller utrygghet under samling, overnatting og aktivitet. Ufin åtferd, mobbing, ulydighet eller manglande evne til å lyde leiarar under aktivitet skaper risiko for ulukke eller begrensa kvalitet på aktivitetane, og vil bli slått ned på umiddelbart. Brot på våre krav til lydighet og disiplin kan medføre heimsending. Det vert ikkje refundert noko leirkostnad ved avbroten leir av disiplinære årsaker.