SISTE: Startkurs vert halde etter avtale. Oppmøter både fredag, lørdag og søndag. Pris kr 2400,-
For å delta på hesteliv eller liknande individuelle ridetimar må ein ha gjennomført «Startkurset» med bestått Rideknapp 1 hjå oss eller tilsvarande frå andre rideplasser. Startkurset held me ved inngangen til kvart nytt semester i februar eller i september.
NB! Dei som har, tek med seg ridehjelm. Elles kan ein låne av oss. Vidare må ein ha gode klede til å vere ute i (tåle regn). Unngå glatt bukse, skoa må ha gode hælar – men ikkje lange lisser. Det blir lange arbeidsøkter (90 minutt), så husk å ikkje vera svolten ved ankomst!
PROGRAM FOR STARTKURS:
Gjennomgang av rideteori, reglar og sikkerhetskrav på Frønsdal aktivitetsgard
- Teorikurs med film
- Utdeling og gjennomgang av Personleg Ridemappe
- Gjennomgang av Rideknappen 1 med tilhøyrande teori
- Øvingar i stallen
- Praktisk undervisning stell og hestehåndtering/ oppstigning hest/ ridning
- Deltakarane deles opp i mindre grupper på to-tre personar ved gjennomføring av Rideknappen 1
KRAVA DU MÅ BEHERSKE I RIDEKNAPPEN 1 KAN DU LESA MEIR OM HER:
1. Tilnærming til hesten i boksen : Kommunikasjon og aksomhet ved uthenting av hest
2. Pålegging av grime: Riktig påsetting og kontroll av grime
3. Oppbinding med sikkerhetsknute: Forsvarlig binding og rett lengde på l eietauet (grimeskaftet)
4. Pussing og stell av hest: Å stelle hesten ordentlig – med rett utstyr
5. Leie hesten: Forsvarlig leiing til og fra boksen, stelleplass og ridebane
6. Klargjere hesten for oppsitting: Etterstramme salgjord og justere stigbøyler mens ein held tøylen
7. Oppsitting og ridning i skritt (m/u leieperson): Sette seg opp i salen og foreta ridning i skritt på banen (m/hjelp)
8. Avsitting og klargjering for innleiing: Gå ned frå salen, klargjere tøyle og stigbøyler for innleiing
9. Tilbakeleiing og slepp av hesten i boksen: Leie hesten inn til boksen og sleppe den korrekt frå seg