Tilrettelagt ridning (Terapi)

HPIM1282

Me har målsetjing om å skape meir tilrettelagt og gledeleg aktivitet for brukarar med ulike behov, og ynskjer nye kunder velkomen til oss for ridning, køyring eller anna assistert aktivitet som me legg særskilt tilrette for. Ridning er vårt viktigaste tilrettelagte tilbod.

TID:            På fast avtale kvar veke gjennom semesterstart omlag 1. feb og 1.sept. For tida onsdag.

ALDER:      Frå 5 år og opp til godt vaksne. Uansett må det gjerast individuell vurdering. 

KRAV:        Det må gjerast ei helsemessig vurdering frå lege eller fysioterapeut før ein starter ridning.                        Føresette kan bestilla for sitt born på eige ansvar.  Det gjennomføres prøvetime.

OPPLEGG: 45 minutts time ukentleg etter individuell avtale. Andre oppmøter kan avtales.

PRIS:         435,- Pr time. Binding for semester eller antall avtalte oppmøter. Fakturering etterskotsvis.                      Prisar for grupper sjå lenger nede. 

Helse og Opplevelse…Ridning eller køyring med ponni og hest er ei spennande og lærerik oppleving for menneske i alle aldrar. Kontakt med dyr har ei god verknad på menneske – også om utfordringa ligg i det å meistre sjølve nærleiken til eit stort dyr. Vidare har varmen frå, og den naturlege rørsla i hestekroppen dokumentert god helseeffekt på brukaren sin muskulatur, sanseevne og motorikk.

Kva er vårt tilbod….Trygdeverket har ei refusjonsordning for terapeutisk ridning, og denne kan ikkje direkte samanliknast med våre tilbod. Terapiridning tek utgangspunkt i behandling, og består av hestefaglært fysioterapeut som disponerer lukka  ridebane med opptil 8 ryttarar samstundes assistert av friviljuge hesteleiarar. I vårt tilbod er hestefaget sentralt, og me trur at den som har hestekunnskap skal vera den som styrer hesten. Denne tryggleiken gjev oss mulighet til å ha aktivitet på ridebane, på tur i naturen eller i gjennomtenkte løyper. Anten me er på ridetur eller køyrer med hest og vogn så har me på garden vår over 2 km med trygge vegar. Naturlandskapet blir då ein viktig del av totalopplevinga! Me har erfart at brukarar under 18 år med aktivitetsbehov i enkelte tilfeller kan få dekka delar av kostnaden gjennom sin kommune for helsemessig støtte. Kontakt gjerne din helseteneste for å avklare dine rettigheter.

Sikkerhet og faglege omsyn.…Dei hestane me bruker på tilrettelagt aktivitet er rolege og trygge dyr. Likevel er det viktig å ta tilstrekkeleg omsyn til brukaren sin sikkerhet. Ved ridning skal det alltid følgja ein ekstra person med brukaren til å gå på sida for å tena brukaren sine behov eller vera i beredskap mot fall frå hesteryggen. For brukar som ikkje har rørlighet i føtene eller manglar balanse må vi gå utfrå 1 følgjeperson på kvar side av hesten. Vår hestefagperson har full fokus på hesten åleine og slik må det vera på grunn av tryggleiken! Etter avtale kan me stille med ekstra mannskap som følgjeperson. For dei som har fast avtale om aktivitet er det viktig å vera riktig kledd for anledninga. Dette avtales nærare, elles har me hjelmar for utlån ved tilfeldige besøk.

Kurs for følgjepersonar…...Me ynskjer også å vidareutvikla felles rutineforståing, praktisk tryggleik og avklarte ansvarsforhold. Det blir best utarbeida i samarbeid med den enkelte brukar og støtteapparatet. Det tas sikte på gjennomføring av eit lærerikt 4 timerskurs for alle følgjepersonar. På kurset vil det bli lagt vekt på assistentens rolle under aktivitet, skape innsikt i ridninga og forklare dei viktigaste omsyna ein skal ta i nærleiken av dyr.

Forsikring……Personforsikring for brukaren er viktig når ein deltek på slik aktivitet. For dei som ikkje har fått stilt ein helsestatus frå fysioterapeut eller lege, kan vi evt. gjennom samarbeid med fysioterapeut gjennomføre ei helsefagleg vurdering av den enkelte rytter i forkant av oppstart av ridning. Elles har me fått godkjenning av stallen vår frå kommunelegen etter same vilkår som godkjenning av rideplass for terapiridning.

Oppmøtevilkår og prisar….Ved avtale om ukentleg fast aktivitet vil det høva med 45 min. Ny time byrjar normalt på heil klokketime. Prisen gjeld fast avtale, og ynskjer ein sporadisk besøk elle sjeldnare intervaller avtales prisen individuelt.

Gruppebesøk:…. Dersom det høver slik kan ein avtale å besøke aktivitetsgarden med fleire brukarar samstundes, og då kan me ri eller køyre vogn, eller me kan setje igong også andre aktiviteter utfrå brukarane sine evner og interesser. Under gruppebesøk vil det normalt ved hesteaktivitet høve med ei tidsbruk på ca 2 timar pr. gruppe. Det betales for kvar ny påløpt time. Prisoversikt pr. 1.9.19.

1) Fast avtale tilrettelagt ridning enkeltperson 1 time = 45 minutt                 Kr          435,- / time

2) Gruppebesøk ridning/ køyring (evt. tillegg) Maks 6 brukarar                     Kr        1900,- / time

3) Tillegg for ekstra følgjeperson frå Aktivitetsgarden ved ridning            Kr          200,- / time

4) Mat / bevertning på grilleplass, Strandhuset eller Tunhuset                  Pris etter avtale

5) Sikkerhets og hestekunnskapskurs for følgjepersonar                             Pris etter avtale