Rideskulen «Hesteliv»

Troll og Gaia

«Hesteliv» er navnet på vår kursversjon tilsvarande rideskule.  Navnet kjem av at me har ei brei tilnærming til hesten både på ridning og andre bruksområder. Ein vil i hesteliv oppleve eit allsidig møte med hesten som venn og bruksdyr.

SISTE! DET ER IKKJE RIDESKULE PÅ FRØNSDAL AKTIVITETSGARD FOR TIDA. UKLART NÅRTID DET VIL STARTAST IGJEN.

SEMESTERPRIS :

TID:            Kvar mandag året rundt etter fastsatte semester. Semesterstart normalt omlag 1. feb og 1.sept.

ALDER:      Frå 8 år. Uansett må det gjerast individuell vurdering. Modenhet tel meir enn alder.

KRAV:        For å delta må rytteren vera moden nok og i stand til å lyde beskjedar frå instruktør. Det må                                 tas Startkurs  med bestått Rideknapp 1 før deltakelse i Hesteliv. 

OPPLEGG: 60 minutts kurstimar med oppstart kl 17:00, 18:00 eller 19:00. Ulike nivå på dei ulike timane.

PRIS:         Omlag 240,- kr pr kurstime. Binding til semesterpris. Lengde på semester fastsettes ved kvart halvår.

Ein lærer på Hesteliv både om godt hestestell, strigling, saltøy og utstyr, hestens behov, foring og fysikk m.v, men hovudfokus gjennom Hesteliv blir likevel variasjonar over baneridning, køyring og turridning. Hesteliv går kvar veke med oppmøte på ein time, 60 minutt. For tida er det mandagen med timar kl 17, 18 og 19. Instruktøren må setja saman timar etter samsvarande ryttarar slik at det også høver i forhold til hestane. Den enkelte kan såleis dessverre ikkje bestille time etter eigne behov. Ved påmelding er det binding for heile semesterpakken, og ein kan ikkje velgja bort delar av semesteret. Haustsemester går vanlegvis i tida frå ca 1. September og ut November, medan Vårsemesteret er frå ca 1. Februar og ut Mai.

For å delta på hesteliv må ein ha gjennomført «Startkurset» med Rideknapp 1 hjå oss eller tilsvarande frå andre rideplasser. Startkurset held me vanlegvis i første helga ved inngangen til kvart nytt semester i februar og i september (Sjå eiga info om Startkurs menyen). Utviklinga i Hesteliv kan vidare målast ved dei neste prøvane Rideknapp 2 og 3 som er utvikla av Norsk rytterforbund. Aldersgrensa for å delta i Hesteliv er minst fylte 8 år, men det baseres på modenhetsgrad då rytteraren skal kunne fungere sjølvstendig og lyda beskjedar. Faktura utstedes altså kun pr. semester. Forhåndsbetaling ved oppstart av nytt semester. Instruktørar er for tida Ester og/eller Ann Elin i tillegg til gjesteinstruktørar som Martin m.fl. Velkomen til ein trygg og variert innfallsvinkel til ditt liv med hest!