Ponnivenner

Ponnivenner i arbeid

 SISTE…  VÅRMESTERET 2024 har ledige plasser! Starter onsdag 21 februar 24.

TID:            Annakvar Onsdag året rundt etter fastsatte semester. Semesterstart omlag 1. feb og 1.sept.

ALDER:      Frå fylte 5 år og opp til ca 9 år. Det gjeres individuell vurdering for kvar deltakar.

KRAV:        For å delta må barnet vera modent nok til å vera på Ponnivener åleine samt vera lydig mot leiarane. Det er forøvrig ingen førehandskrav til deltaking, og det er like gjerne ein fordel om deltakaren aldri har ridd tidlegare. 

OPPLEGG: 90 minutts oppmøte med start kl 17:00. 2 deltakarar deler på kvar sin ponni, med ein leiar pr. ponni. Foreldre kan vera med første gongen men deretter må deltakaren klara å vera åleine. 

PRIS:         ca 400,- pr. gang. Binding til semesterpris. Antal oppmøter pr. semester fastsettes kvart halvår. 

VÅRSEMESTER 2024 koster kr 3200,- og er basert på 8 oppmøter.

Me har sett klart behov for eit tilbod til dei minste ryttarane, då individuell rideundervisning og teori kan vera i tøffaste laget for denne aldersgruppa! Me har såleis starta opp tilbodet ”Ponnivener” som er berekna på dei som er mellom 5 og 9 år gamle. Her kan ein delta frå det året ein fyller 5 år. På ponnivener vil det bli ei avslappa og trygg atmosfære der målet er å tilnærme seg hestelivet med leik og læring. Det er lite fokus på prestasjon eller krav i dette konseptet, og me ynskjer å ha full frihet til å sjå alle sider av hestelivet, samt bruke ruskevær ute til å fokusere på stallen eller aktiviteter i loftstova. Det vil vera ein kompetent leiar pr. ponni, og 2 born deler på ein ponni kvar gong slik at me ivaretek sikkerheten fullt ut. Av og til kjører me hest og kjerre på stiane våre, og i ruskevær kan me læra meir om hestestell og utstyr eller kosa oss med å fletta pynteduskar på ponniane. Dersom ein har store ambisjonar for sitt born om å delta i Oslo Horseshow som 8 åring er dette neppe konseptet for deg. Men ynskjer du derimot ei sikkerhets- og opplevelsesbasert tilnærming til hest over tid i eit trygt og kompetent miljø er dette midt i blinken. Det er derimot viktig å presisere at deltakarane i Ponnivener må fungera som gruppe og kunne tenkje på andre sine behov tilsvarande eigne. Me som leiarar fokuserer på fellesskapet og pedagogiske vinklingar til å legge bort egoisme, og me har såleis anledning til å ta eit oppgjer med deltakarar som ikkje handterer det å dela på godene med dei andre på gruppa. Disiplin og lydighet under aktivitet er så viktig for sikkerheten til gruppa at skulle ein deltakar ikkje oppføre seg trygt og innanfor våre krav kan ein i verste fall verta utestengd.

Ponnivener føregår annakvar onsdag ettermiddag, og me har dermed plass til 2 parallelle gjengar på opptil 8 stykker kvar gong. A-gjengen eine onsdagen og B-gjengen neste onsdag. Opplegget varer i halvanna time (tilsvarande dobbel ridetime) og me bruker i utgangspunktet Shetlands- eller Welshponniane våre som er svært handterbare og lite skremmande for deltakarane. Fleire deltakarar har blitt kvitt sin angst for store dyr etter kort tid på ponnivener.

Prisen er fastsett pr. oppmøte, men ein binder seg til heile semesteret på ein førehandsbetalt faktura. Eit vanleg semester plar å gje 6 til 8 oppmøter. Semesteroppstart plar vera om lag 1. september på hausten og tilsvarande 1. februar på våren. Som semesteravslutning på våren inviterer me gjerne familiane til Ponnivenene med til å vera med oss på siste gongen, så fyrer me igong grillane og koser oss skikkeleg saman med både foreldre, besteforeldre og søsken! Dette vert nærare invitert til på sms eller direkte invitasjon. Kundene på Ponnivener sålangt kjem frå alle delar av Vindafjord og Etne, og ved ynskjer om samkøyring får me som regel til å kople saman dei frå same bygd til å møte i same gjengen!  Det er likevel fullt mogeleg for deltakarar frå heile Haugalandet  og Haugesundsregionen å melda på ein vennegjeng om ein kan dela på køyringa.

Ei naturleg utvikling etter Ponnivener kan vera å gå vidare på rideskule når ein klar for det. Dersom du har ein flokk med barn som ennå ikkje har fått plass på ponnivener kan ein melde på ei gruppe til besøk for ridning og stallkos som tilsvarer ein smakebit av Ponnivener. Slikt besøk kan avtales kvardag som helg heile året gjennom berre aktivitetsgarden har tid. Info om opplegg og pris under meny «Grupperidning»

Vil du stå på venteliste til Ponnivener så ring oss eller send ein mail til post@fronsdal.no