Ferie og familieridning

Året rundt ynskjer me på Frønsdal Aktivitetsgard velkomne til avtalt drop in- eller ferieridning! Då kontakter du oss og avtaler eit tidspunkt ein vil kome til oss for ei rideoppleving. Me har begrensa kapasitet på haust og vår grunna mange faste ryttarar på ukentlige aktiviteter, men det finst oftast ei ledig tid anten i veka eller i helgene. Då får ein vera med på stell og kos med hestane, ein får ri på turstiane våre og gjerne trene litt på ridebanen. Kvar hest og rytter får ein assistent på bakken så her kan både born og vaksne kome anten ein er heilt utan rideerfaring, eller om ein er godt trent med hest. Me har hjelmar til utlån, men gode klede og sko må ein passe på sjølv.

Prisane er slik:

-         60 min: 450,- pr person

-         90 min: 650,- pr person

Prisane forutset minst to betalande ryttere på samme oppmøte. Born under 5 år bør ha ein vaksen ved sida av hesten.

Me har kapasitet til opptil 6 personar samstundes. For større grupper anbefaler me konseptet «Grupperidning». Sjå eigne vilkår:
http://www.fronsdal.no/hesteliv/grupperidning/

Betaling kan skje kontant, ved førehandsfaktura eller Vipps.

For meir informasjon eller avtale, ta kontakt på messenger (Frønsdal Aktivitetsgard), mail til post@fronsdal.no eller mob 907 38 017/ 473 24 940.