Paintball-leir

Paintball Etne 9SONY DSC

 

NYHET! Paintball-leirar på Frønsdal

Ettersom me på Frønsdal har både nytt Leirhus og driv aktivitet med Paintball, er det naturleg at me nå inviterer til opplevingar som går over heile dagar enten i helg eller i vekedagar. Leirane vil ha fokus på Paintballspel i skogsbanen, eller også andre måtar å nytte paintballutstyret på, t.d med blinkskyting. Forøvrig vil det bli lagt inn andre aktivitetar i leirane etter årstid og etter kor mykje tid me har. Hesteridning og køyring kan ein ikkje unngå på Frønsdal! Elles kan det bli bueskyting/ øksekast, kanopadling og fiske, sandvolleyball og andre avslappande fellesaktiviteter. Matstell, overnatting og alle fellessamlingar skjer i vårt nye «Tunhus» som me er ganske stolte av.  Som Kristne kan me heller ikkje la vera å undervisa i Guds ord og vitna om det Livet me har del i som følgjarar av Jesus. Deltaking på leir vil heilt sikkert gje nye vener og bekjentskaper, og vera ei flott oppleving du vil huska lenge. Soveromma har ulik storleik frå 3 til 6 plasser og det blir med vaksenleiarar heile tida, så Paintball-Leir er like aktuelt og trygt for både jenter og gutar!

NESTE LEIR MED PAINTBALL:

PAINTBALL-LEIR EL. WEEKEND LAGER ME NÅR INTERESSA ER STOR. MELD OSS DI INTERESSE SÅ ER ME I GANG!

AKTUELT SOMMMAR OG HAUSTFERIE

OPPLEGG.. Flott program med masse Paintballspel. Desse dagane på sommartid skal me også få plass til mykje anna aktivitet. Hesteliv, kano og vassaktivitet, bueskyting og sandvolleyball samt spennande gruppeoppgåver som teambuilding. Grillfaktoren blir høg ikkje minst på St. Hans mandagen, og samlingar med sosiale treff kjem til å gje nye venskap. Overnatting og matstell skjer i vårt nye leirhus «Tunhuset» og alt du treng til leiren er inkludert!

ALDER……Alder frå påbegynt 9. klasse.

PRIS……….Pris avheng av leirens lengde – bestemmes seinare Ca 1400 pr dag.

——————————————————————————————————————————————————-

BETALING……Betaling for leirane skjer i to omgangar. Kr 1000,- i depositum betales ved påmelding og bekrefter deltaking. Depositum tilbakebetales ikkje ved  avmelding etter fristdato. Resten av leiren betales innan leirstart. Program for leiren med klokkeslett og praktiske detaljar sendes ut på mail etter påmelding.

PÅMELDING….Bruk påmelding via menyvalget «påmelding» eller «kontakt oss». Påmeldingsskjema med nærare informasjon for kvar leir sendes ut etter første påmelding. Det skal fyllast ut slikt skjema frå kvar deltakar. Påmelding er ikkje registrert depositum er betalt. Ved særskilte behov i kosthald eller ved allergiar o.l er det svært viktig at dette vert avmerka i påmeldingsskjema. Førehandsreglar og opplegg ved særlege behov på kost og allergi avtales med føresette for den enkelte deltakar.

OVERNATTING…..Me har senger med pute og dyne. Ta med eigne sengklede og håndklede. Det kan leigast sengklede og håndklede for kr 100,- i tillegg pr overnatting. Såpe og tørkepapir til dagleg vask finnes hjå oss i garderobane. Dusj finnes i 1. og 2 etasje. Det kan vaskast klede i vaskemaskin under tilsyn i løpet av leiren. (Painball kan bli gjørmete..)

ANKOMST OG AVREISE….. Faste ankomstider på kvar leir er mellom kl 16:00 og seinast kl 17:00 på startdagen (Ikkje før 16:00). Avreise er kl 18:00 på sluttdagen. For den som har lengre reiseveg kan det avtalast nærare med den enkelte.

JA-TAKK PÅ LEIR…….Til aktivitet: Personleg verneutstyr/ hanskar/støvlar om du har,  elles kraftige klede til aktivitet og arbeid (husk fleire klesskift), gode terrengsko m/hæl,  tynne gripehanskar. Til personleg pleie: utstyr til personleg hygiene som tannpuss/ dusj, badetøy/ solkrem,  eigne sengklær (me har pute/dyne), eventuelt lommepengar. Bibel om du har samt  skrivesaker o.l.  Mobiltelefon er OK, men får ikkje brukast på dagtid under leiren. Samlast inn ved frokost og leveres ut etter kveldsmat. HUSK å ta med ditt gode humør når du skal på leir! Kontakttelefon til leiren er Leirsjef Jan Sverre som nås på mobil 90738017.

NEI-TAKK PÅ LEIR……Elektronisk utstyr som I-pad, PC eller liknande.  Musikkspeleutstyr med eller utan headset. Tidsskrift, magasiner eller forstyrrande element. Gjenstandar som oppfattast som forstyrrande eller til sjenanse kan bli inndrege av leirsjefen.

DISIPLIN OG LYDIGHET……..Paintball og andre aktivitetar på Frønsdal er i kategorien risikoaktivitet. Det betyr at lydighet og disiplin er vesentleg viktig for at aktiviteten skal vera trygg og meiningsfull for heile gruppa. Vidare inneber det å vera på leir ei sosial tilpassing som krev at ein kan omgås dei andre på leiren utan å skapa ufred eller utrygghet under samling, overnatting og aktivitet. Ufin åtferd, mobbing, ulydighet eller manglande evne til å lyde leiarar under aktivitet skaper risiko for ulukke eller begrensa kvalitet på aktivitetane, og vil bli slått ned på umiddelbart. Brot på våre krav til lydighet og disiplin kan medføre heimsending. Det vert ikkje refundert leirkostnad av noko slag ved avbroten leir av disiplinære årsaker.

OM PAINTBALL…..Treng du eller dine føresette meir kunnskap om paintball kan de sjå på http://no.wikipedia.org/wiki/Paintball. Forøvrig kjem me til å skrive meir om paintball i skogsbane også på våre eigne nettsider.