Ridekurs for vaksne

SONY DSC

Me har gjennom fleire år sett at vaksne gjerne trivst best i eit likesinna miljø når ein skal prøve seg som rytter (igjen) i vaksen alder. Sjølvsagt kan ein ri saman med dei unge på ridetimar, men det er liksom ikkje det same. Difor velkomen til skreddarsydd vaksenkurs!

TID:…………ENDRING!!  NESTE KURS I ÅR ER 29 - 31 Mai 2015. (Enno ledige plasser..)

ALDER……..For vaksne over 15 år – ingen øvre aldersgrense (rullator vert neppe godkjent..)

PRIS………..2100,- pr person for heile kursopplegget (evt. kost/losji utanom kurstida kjem i tillegg)

OPPLEGG….Prisen inkluderer 1 måltid kvar dag. Me har hjelm til utlån på aktivitetsgarden. Overnatting er mogeleg så kontakt oss for å bestille overnatting og få pris på det. Opplegget med overnatting er forøvrig ypperleg for vennegjengar som vil ta ei helg på tur saman. Kurset legges opp med teori og enkle øvingar utan hest på fredagen, full stallpakke med baneridning på lørdag, og repetisjon saman med ein trygg tur ut på ridetimar i skog og mark i løpet av søndagen. Samla kurstid er omlag 10 timar.

RIDNING ER GOD MOTIVASJON FOR MENTAL HELSE

Så her har me ridekurset for vaksne, skreddarsydd for kvinner og menn  »i sin beste alder», med god mat mellom øktene og høg fokus på den sosiale opplevinga. Likevel er det ridefaglege såpass tydeleg i kurset at du vil oppleve framsteg på din veg med hest og ridning. Me har individuell oppfølgjing av den enkelte, så me tilpasser etter ditt behov frå det heilt sikre med følgjeperson kontinuerlig og til mulighet for galopp på turveg for den trygge rytteren. Det er ingen krav til førehandskunnskap på kurset, så du kan kome som uerfaren fersking, så tek me det heile frå starten av. PS! Me er vande med å hjelpa folk opp og ned frå hesteryggen.

SONY DSC

Etter gode erfaringar med tidlegare vaksenkurs, ynskjer me med jamne mellomrom å avhalde nye grunnkurs for vaksne (nybyrjarar) som har lyst å få eit innblikk i hestelivet. Dei som er blitt vaksne og aldri fekk ”anledning” til ridning og hesteliv som born og ungdom trur kanskje ”toget er gått”. Men det er det slett ikkje, og dette kurset likestiller deltakarane slik at ein kan delta heilt utan rideerfaring frå før. Det vert lagt opp til ei passe forsiktig og grundig tilnærming, og med tid til sosialt fokus under kurset. Mange vaksne kan også fortelje at dei dreiv litt med hest når dei var barn eller unge, men at dei ikkje har vore på ein hesterygg sidan dei var 14. Overraskande mange har også ein negativ og trist erfaring frå dei var små og kanskje hadde eit stygt fall frå hest eller vart bitne av ein gardshest på 70-talet. Alt dette er historie når du kjem på vaksenkurs på Frønsdal, då me set tryggleiken og målet om ei god hesteoppleving som øverste mål for kurset. Faktisk kan mange av kursdeltakarane fortelja at kurset  gjorde svært godt også for det mentale planet like mykje som den fysiske. Kurset høver også ypperleg som samansveising eller ”blåaktivitet” for kolleger på arbeidsplassen eller venne-gjenforening.