bilde 2

Velkommen til Frønsdal Aktivitetsgard

Frønsdal Aktivitetsgard er eit småbruk i Ølensvåg,  Vindafjord kommune (skilta til Frønsdal) som er tilrettelagt for gode opplevingar for både born og vaksne. Me ligg fint plassert 1,5 km frå E-134, midt i Haugalandsregionen ca 40 min kjøring  fra Haugesund. Me har på garden aktiviteter av ulike slag som kan tilpassast for jenter og gutar i alle aldrar, og så får me fine naturopplevingar på toppen av det!

For tida har me 12 hestar på stallen, klare for innsats på både riding og kjøring med vogn. Her er fleire lette turstiar, brygge og kanoar ved Eikelandsvatnet samt Storlavvu eller Grillhus til fest og grillkos for opptil 50 personer. Garden har skogsbane for Paintball opptil 16 personer og fleire kjekke aktiviteter som Bueskyting, Øksekasting, Hesteskokasting og Sandvolleyball. For den som er glad i det våte element tilbyr me utleige av kano eller det kan haldast gøye kanokurs, utleige av robåt for fisking, eller simpelthen kosetur med pedalbåt. Grupper frå bedrifter, styrer eller lagsarbeid/ konfirmantar kan få skreddarsydd teambuilding med ulike oppgåver som fokuserer på samarbeid og tillit. Til Frønsdal aktivitetsgard kan ein koma på avtalt aktivitetspakke over heile dagar for større og mindre grupper, eller en kan velgje ein spesifikk aktivitet etter eige ynskje. Om ein elles er på garden utan å kjenna behov for organiserte aktiviteter, finst her lette turstiar og mange sitjeplasser til å pleia seg sjølv.

Det nye «Tunhuset» er vår stolthet på garden. Dette huset gjev oss muligheter for mange tilbod under tak, her er plass til Kurs- eller konferanser opp til 30-40 personar, Fest og selskapsplass til opptil 60 eller som Stormøteplass for 80-100 personar. Overnattinga i 2 etg har 6 soverom i ulike størrelser som gjev sovemuligheter for mellom 10 og 30 personar alt etter komfortnivå. Huset er som skreddarsydd for Leir eller Weekend for høvelege grupper, det gjev ein flott arena for småkonferanse til bedriften eller plass for ei Festhelg av dei sjeldne saman med storfamilien! Det som gjer Tunhuset til ein spesiell stad å samlast er at heile aktivitetsgarden står klar som arena for mange slags spennande aktivitetar til å bryta opp sofafaktoren eller lange undervisningsøkter. Med vår klare familieprofil og fokus på det som frå naturen av gjer oss glade til sinns, har me samstundes sagt NEI-takk til all bruk av alkohol under våre arrangement. Så veit du det allerede!

På Frønsdal skjer det mykje utandørs, og med noko avstand mellom aktivitetene. Difor er gode sko og bekledning utfrå været ein fordel!

Faste ukentlege aktivitetar for enkeltpersonar har me gjennom heile året: så som rideskule, turridingsgrupper, vaksenkurs, ponnivenner for dei minste borna og tilrettelagt riding for dei med ekstra behov. Gjennom året har me også ulike helgekurs for ridning
for vaksne eller born.
Innimellom opnar me garden for enkeltarrangement opne for lokalmiljøet eller soesielt inviterte grupper. På sommertid er det ofte mulighet for å avtale ferieaktivitet gjennom vekedagane, men dette  er eit satsingsområde som er under utvikling etter som me blir klokare.

Vår største satsing framover er leirane i «Tunhuset». Her blir det både Rideleirar, Paintball-leirar til born og unge, og kanskje Familieleirar som kan skapa eit kjekt fellesskap i familien med «lågare aksler» enn ein gjerne får i Legoland og på Tivoli.

Med det vil me ynskje velkomne til oss på Frønsdal Aktivitetsgard. Kontakt oss om det freistar med eit arrangement for fellesskap og Gode opplevingar!

Posted in Ukategorisert.